Nesset

 

Yr lova sol, vindstille og fire kuldegrader tysdag 17. januar. Eg må ut på tur!

Men skiføret inviterte ikkje til topptur og utforkøyring. Mildvêret dei siste dagane har lagt eit tynt lag isskare over puddersnøen, og skikøyring under slike forhold er for ekspertar!

Høgfjellshytte. Kvifor ikkje ta ein tur til Vasstindbu! Denne vesle hytta med tilhøyrande sikringsbu er vel verd ein tur. Dei to små hyttene ligg på ein forblåst fjellrygg 1190 meter over havet, mellom Hånnjedalen i aust og Kjøvdalen i vest, Kalvgjeltinden (1279) i nord og Vasstindane (1453) i sør.

– Ja, eg blir med, svarar Øyvind Hovdenak (69) når eg ringer han seint ein ettermiddag. Han er ute på skitur på Horgja ved Hovdenakken, men har ikkje behov for betenkningstid når eg spør om han vil bli med til Vasstindbu dagen etter. Det tok knapt eit minutt å avtale turen!

Fint skiterreng. Skituren startar frå den krappe svingen øvst i Vistdalen, før den siste stigninga opp til Fjellgarden, høgaste punktet på bilvegen mellom Vistdal og Eresfjord. Skituren følgjer først ein seterveg inn Hånnjedalen til Rødalssetra og Slenessetra. Vidare i lett stigning inn over dalen mot Melkallen. Etter om lag fire kilometer, svingar vi mot høgre og tek til på den noko brattare stigninga vestover og opp mot Vasstindbu.

Etter eit par timar er vi oppe i sola, og snart etter står vi ved hytteveggen. Øyvind Hovdenak er ein av dei tre som utgjer hyttestyret for Vasstindbu. Dei to andre er Randi Elin Monsås og hyttesjef på langtidskontrakt, Arild Sele.

Strålande utsyn. Ein solnedgang midtsommars (nesten midnattssol!) sett frå Vasstindbu er vel verd turen! Dei fleste kjem hit som ein del av fotturen frå Måsvassbu og held gjerne fram til Svartvassbu og Hoemsbu ved Eikesdalsvatnet.

No står vi her i januarsola, og kan ikkje klage på lyset og utsynet. Nærmast oss ser vi Litle Vasstinden og Kalvgjeltinden. Litt lenger bak tronar Skjorta og litt av Goksøyra, Gjuratinden, Melkallen, Kvanndalstinden, Venjestindane, Skåla, Snøtinden og Harstadfjellet.

Lite besøkt! Vi låser oss inn og et nistepakka ved kjøkenbordet. Den vesle hytta har seks køyer, vedomn, gass for koking og det du treng i kjøkenskapet. Proviant må du ha med sjølv. Vi slår fast at «Dagmar» ikkje har gjort noko skade og tek ein liten tur opp mot Vasstindane. Deretter er det av med fellane og forsiktig nedkøyring på «brøtskare».

Men kvifor har ikkje fleire oppdaga Vasstindbu? Berre 88 personar hadde skrive seg inn i hytteprotokollen i 2011. Ufatteleg!